Prosjekt Stanghelle Sjøfront

På Stanghelle held me på med oppføring av fleire bygg med 4 til 6 bueiningar, på oppdrag frå Arkoeiendom AS. Desse bygga ligg flott til ved Veafjorden og Dalevågen, og det er kort veg med toget inn til Bergen. Det fyrste bygget er klart for innflytting til jul 2023, og så vert dei andre bygga klar frå februar til juni 2024.